NETTSIDER FRÅ STRYN · FOR HEILE NOREG

Nettsider som
kjennest rette.
Og fungerer.

Ei god nettside skal ikkje berre sjå fin ut. Ho skal vise fram bedrifta di, skape tillit og gjere det enkelt for nye kundar å ta kontakt.

Godt design. Enkel prosess.
Tilpassa di bedrift og ditt budsjett.

✳
✳
eksempelbedrift.no↗
FJORD&FORMTENESTER   PROSJEKT   KONTAKT
HANDVERK · KVALITET · NORDVESTLANDET
Bygd med
omtanke.
Solid arbeid.
Varige resultat.
Lokalt handverk, moderne uttrykk.UTFORSK ↗
↗Tilpassa alle skjermarFrå mobil til datamaskin
F&F
Bygd med
omtanke.
SE TENESTENE ↗
01 — DESIGNA MED FORMÅLRULL NED FOR Å UTFORSKE ↓
MODERNE DESIGN✳MOBILVENLEG✳PERSONLEG OPPFØLGING✳TYDELEGE PRISAR✳MODERNE DESIGN✳MOBILVENLEG
01 / KVA EG TILBYR

Ei nettside som
jobbar for deg.

Du kan vere svært god i det du gjer, utan at det kjem fram på nettet. Eg hjelper bedrifta di med ei digital framstilling som er enkel, gjennomtenkt og til å stole på.

01▧

Moderne nettsider

Ei stilrein nettside som presenterer tenestene dine og gir eit godt førsteinntrykk.

Design og oppsett ↗
02↗

Fleire førespurnader

Gjer det enkelt for potensielle kundar å spørje om pris, tenester eller eit prosjekt.

Kontaktskjema ↗
03◈

Drift og oppfølging

Teknisk drift og avtalt vedlikehald, slik at nettsida held fram med å fungere.

Tryggleik over tid ↗
FOR SMÅ OG MELLOMSTORE BEDRIFTER

Du driv bedrifta.
Eg ordnar nettsida.

Handverkar, verkstad, frisør, lokalprodusent eller noko heilt anna? Du treng ikkje kunne noko om nettsider. Vi finn ei løysing som passar det du faktisk tilbyr.

Fortel om bedrifta di ↗
02 / DESIGN MED PERSONLEGDOM

Ser det bra ut?
Det bør fungere òg.

Ingen bedrifter er like. Derfor skal heller ikkje alle nettsider sjå like ut. Her er eit konsept som viser korleis designet kan tilpassast ein bransje.

DESIGNKONSEPT IKKJE EKTE KUNDEPROSJEKT

Fjord & Form

Ei fiktiv handverksbedrift. Konseptet viser korleis store overskrifter, tydelege tenester og prosjektbilete kan gi ein meir profesjonell presentasjon.

  • Gjennomtenkt på både mobil og PC
  • Tydeleg veg frå interesse til kontakt
  • Design som passar bransjen
La oss lage noko for di bedrift ↗
FJORD & FORMOM OSS  /  PROSJEKT  /  KONTAKT
HANDVERK FOR FRAMTIDAForm skapt
for å vare.
SJÅ ARBEIDET VÅRT   ↗

Merk: Dette er eit illustrert designkonsept for ei oppdikta bedrift, ikkje ei referanse frå ein faktisk kunde.

03 / PRISAR

Enkelt å forstå.
Lett å kome i gang.

Vel eit utgangspunkt. Eg tilpassar gjerne omfanget og gir eit uforpliktande tilbod før vi startar.

01 / GOD START↗

Enkel nettside

For bedrifter som vil presentere seg profesjonelt på nett.

Frå4 900 kr

Dette får du

  • Moderne, mobilvenleg design
  • Presentasjon av bedrift og tenester
  • Tydeleg kontaktinformasjon
  • Grunnleggjande søkjemotoroppsett
DRIFT OG VEDLIKEHALD
399 kr/mnd

6 månaders binding, eller 359,10 kr/mnd ved 12 månader (10 % rabatt). Etter månad 12: 399 kr/mnd.

Spør om enkel nettside ↗
02 / FLEIRE FØRESPURNADER↗

Nettside med skjema

For deg som vil gjere det ekstra enkelt å ta imot førespurnader.

Frå6 900 kr

Dette får du

  • Alt i den enkle nettsidepakken
  • Kontaktskjema tilpassa bedrifta
  • Førespurnader direkte til deg
  • Uavgrensa mindre justeringar før publisering*
DRIFT OG VEDLIKEHALD
599 kr/mnd

6 månaders binding, eller 539,10 kr/mnd ved 12 månader (10 % rabatt). Etter månad 12: 599 kr/mnd.

Spør om nettside med skjema ↗

Bindingstid: Drift er obligatorisk. Vel 6 månader til ordinær pris eller 12 månader med 10 % rabatt på månadsprisen. Etter bindingstida held drifta fram til ho blir sagt opp, med éin månads oppseiingstid etter avtalen.

Dette er greitt å vite: Domene kjem i tillegg og blir betalt og eigd av kunden. Mindre eller større prosjekt blir prisa individuelt. *Mindre justeringar gjeld innanfor det avtalte prosjektomfanget før publisering.

MVA: Tytingvag Studio er førebels ikkje MVA-registrert og krev ikkje MVA no. Dersom MVA seinare blir aktuelt, blir det handtert i samsvar med gjeldande reglar og kundeavtalen.

04 / SLIK JOBBAR VI

Frå idé til
ferdig nettside.

Ingen komplisert prosess. Vi tek eitt steg om gongen, og du får sjå resultatet før nettsida blir publisert.

01

Du fortel

Vi finn ut kva bedrifta treng og avklarar innhald og pris.

02

Eg designar

Eg lagar ei førehandsvising du kan sjå gjennom.

03

Vi finjusterer

Vi testar og gjer dei avtalte justeringane.

04

Vi publiserer

Etter godkjenning og betaling går nettsida på lufta.

✳

12 månaders feilretting på opphavleg arbeid. Om noko som skuldast arbeidet mitt ikkje fungerer slik det skal, blir det retta etter avtalen. Nye funksjonar og endringar er ikkje automatisk inkluderte.

05 / BAK STUDIOET

Lokalt engasjement.
Eit personleg samarbeid.

Eg heiter Truls-David Takle Tytingvåg og held til i Stryn. Med Tytingvag Studio ønskjer eg å hjelpe små og mellomstore bedrifter med nettsider som både ser profesjonelle ut og er enkle å bruke.

Hos meg snakkar du direkte med personen som lagar nettsida di. Eg trur på tydeleg kommunikasjon, ryddige avtalar og design tilpassa bedrifta – ikkje omvendt.

Fortel meg kva du treng ↗
06 / TA KONTAKT

Ei god nettside
startar med ein prat.

Fortel litt om bedrifta og kva du ser føre deg. Du får eit uforpliktande svar.

01—02

Fortel om
prosjektet ditt.

Fyll ut skjemaet, så får eg førespurnaden direkte. Du treng ikkje vite nøyaktig kva slags nettside du ønskjer enno.

Opne skjemaet i ny fane ↗
UFORPLIKTANDE FØRESPURNAD

Skjemaet blir levert av Tally. Sjå personvernerklæringa for informasjon om behandling av personopplysningar.